Kraft og energi

Berekraftig kraftutbygging på Vestlandet.

Fosse services kraftogenergi hero

Me kan hjelpa deg med det meste innan vasskraftutbygging, inkludert:

  • Fundamentering, utbygging og vedlikehald av damanlegg
  • Damsikring
  • Plastring
  • Trafostasjonar

Berekraft

Me er sertifisert Miljøfyrtårn, og har fokus på minst mo mulig CO2-avtrykk på våre prosjekt. Dette er sjølvsagt og eit viktig fokus i samband med kraftutbygging.

Me er stolte av vår moderne maskinpark (steg 5) og bilpark (Euro 6) som gjev så lite utslepp som mogleg. 

Masseflytting er noko av det som skapar størst klimafotavtrykk i vår bransje. Me prøver alltid å skaffe til veie eventuelle knuste masser og grus lokalt. Dette medfører minst mogeleg transport, og utslepp av CO2. 

Du kan lesa meir om vårt fokus på klima og miljø her.

Nokre referanseprosjekt

Dam Høgsvatn i Høyangerfjellene. Me utførte utgraving og plastring av dammer som underleverandør til Consto Dambygg for Statkraft Energi AS i 2021.

Hove transformatorstasjon i Vik i Sogn. I 2019 utførte me alt grunnarbeid for trafostasjonen på Hove som underentreprenør til Høyer Odda AS på oppdrag frå Statnett SF. Dette inkluderte graving, boring, sprenging og muring, i samband med kabelkanalar, kontrollanlegg og tilstelling.

  • Fosse kraftogenergi 3

    22 Sprengning i dagen, Myrmel-Lunde, 2022

  • Fosse kraftogenergi 1

    27 Transport av plastringstein, beredskapskai Monken Vangsnes, 2022

  • Fosse kraftogenergi 2

    Plastring, Seimsdalstunnelen 2021

  • Fosse kraftenergi8

    44.1 Kabelgrøfter, RV13 Bondeviki-Fardal, 2023