HMS og miljø

Miljø, helse og tryggleik er viktige fokusområder for oss i Fosse Maskin og Transport AS.

Fosse mediesmio sverrehjornevik 6307
Fosse mediesmio sverrehjornevik 6176

Miljø og berekraft

Me bryr oss om berekraft, vårt fotavtrykk og vårt ansvar som entreprenør i anleggsbransjen. Som sertifisert Miljøfyrtårn har me mellom anna innført miljøstyring i våre system.

Både kundar, tilsette og myndigheiter forventer i stadig større grad at bedrifter tek ansvar når det kjem til miljø og berekraft, og me i Fosse Maskin og Transport AS ønsker å gjere vår del på dette området.

Klikk her for fullstendig liste over sertifikat og godkjenningar.

Noko av det me gjer for miljøet:

  • Som sertifisert Miljøfyrtårn har me innført miljøstyring i alle våre system, og me følger alle kriteria for miljøvennleg drift og godt arbeidsmiljø. 
  • Me held ein oppdatert bilpark med køyretøy som tilfredsstiller Euro6-kravet til låge utslepp.
  • Maskinparken vår er moderne og oppdatert, og dei fleste maskinane våre oppfyller krava til steg 5 når det kjem til utslepp.
  • Me har eit eige steinbrot med CE-godkjende massar, og har ellers fokus på skaffe til vege eventuelle knuste massar og grus lokalt når det er hensiktsmessig.
  • Eige mekanisk verkstad med dyktige mekanikarar som vedlikeheld og kontrollerer maskinparken vår.
  • Me prioriterer miljøhensyn ved terrenginngrep og følger godt med på retningsliner frå Landbruksdirektoratet og andre myndigheiter og kompetanseaktørar.
Fosse mediesmio sverrehjornevik 6333

Tryggleik

HMS og tryggleik står sentralt for Fosse Maskin og Transport AS, både i alle våre prosjekt, på verkstaden vår og på vårt hovudkontor.

Dei siste tre åra (2019, 2020 og 2021) har me hatt null H1 og H2 skader, noko me er svært stolte av. Samstundes er me klare over at det ikkje er lurt å kvile på laurbæra: Me held fram med å halde høgt fokus på tryggleik i alle aspekt ved arbeidskvardagen vår.

Klikk her for fullstendig liste over sertifikat og godkjenningar.

Slik sikrar me tryggleik i kvardagen:

  • Gode rutinar for opplæring innan tryggleik og HMS av våre tilsette. 
  • Me har inngått avtale om bedriftshelsetjeneste med Grønn Jobb. Dei bidreg med HMS-system og kartlegging av våre risikoforhold og rettleiing i å etablere praktiske HMS-rutiner, spesielt tilpassa oss.
  • Me går vernerunder på prosjekta annankvar veke, og på kontor/verkstad ein gong per kvartal.
  • Me har lagt til grunn ein generell risikovurdering for alle våre arbeid. i tillegg kjem den spesifikke risikovurderinga for kvart prosjekt som tek 
    utgangspunkt i byggherre sin overordna vurdering. 
  • Med dokumentasjonsverktøyet Ditio har alle tilsette tilgang til arbeidsprosedyrer, sjekklister og siste informasjon om anlegget til ein kvar tid.
  • Me utarbeider HMS-plan tilpassa byggherre sin SHA-plan i prosjektet. 
  • I tillegg kjem utarbeiding av Sikker Jobb Analyse (SJA) for dei arbeidsoperasjonane som er ukjende for mannskap, eller operasjonar som er spesielt risikofylte, der me ikkje greier å eliminere restrisiko ved tiltak.
Fosse mediesmio sverrehjornevik 6021

Trivsel og arbeidsmiljø

Det er viktig for oss å sikre at alle tilsette trivst i arbeidskvardagen, at dei får brukt kompetansen sin og får høve til å utvikla seg gjennom jobben. 

Slik sikrar me trivsel:

  • Å kunne vidareutvikle kompetanse er viktig for båte trivsel, tryggleik og verksemda for øvrig. Difor legg me til rette for at våre tilsette skal få kursing, ikkje berre i områder som er direkte nødvendige for deira rolle, men og innan områder som er relevante eller interessante for deira rolle og posisjonn i organisasjonen på sikt.
  • Med morgonmøter og felles middager skal det vera rom for diskusjonar og spørsmål svar for anleggsleiarar og tilsette. Me er ein lite topptung organisasjon, som er opptekne av å involvere dei tilsette i beslutningar og øvrig kommunikasjon.
  • To gonger i året arrangerer me "informasjonsdag", der alle tilsette samlast på hovudkontoret i Vik for fagleg påfyll, gjennomgang av generell status for verksemda og sosialt samvær. Me arrangerer og sommarfest og julebord, i tillegg til lokale arrangement på dei ulike anlegga.
  • Me er godkjend lærebedrift, og me prøver til ein kvar tid å ha minimum to lærlingar hjå oss. Me er stolte over å få vere med å lære opp framtidas anleggsarbeidarar!
Logo white ISO SERTIFIED
Logo white miljofyrtorn
Logo white maskinent forbund
Logo white ditio
Sentral godkjenning logo